Hopp til innhold

– Surprise, sa Kong vinter

På eit blunk var dei vårlege mosegrøne fargane skifta ut med vinterleg kvitt. Folk var ikkje seine om å ta fram mobiltelefonen, ta bilete, laste dei opp og merke dei med emneknaggen #nrkmogr.

Snø i april
Foto: Samansette bilete / NRK

– Eit av dei første bileta kom frå «The Hiking Viking», som har Instagram-namnet @kaffetid.

– God morgon! Andre sumardag og julestemning ute. To fluger i ein smekk, skriv han. Og biletet viser at fuglane nok har det godt i Eide, sjølv med mykje snø på taket.

HikingViking

– Nå er det berre å ta på seg hawaiskjorta og tørke støvet av juleplatene, skriv Hiking Viking.

Foto: @kaffetid / Hiking Viking

I 9-tida laurdag la @leinla ut dette bildet. Ho hadde bevegaseg litt lenger opp i høgda, trur vi. I alle fall er bildet frå Innfjorden.

– God morgon frå Innfjorden 23. april, skriv @leinla.

Innfjorden

Her er ei helsing frå vinterlege Innfjorden 23. april.

Foto: @leinla

@beritolin har fanga eit vakkert motiv frå Vassetvatnet i Langevåg på Sula. Der det tidlegare blei teke bilete av blomstrande kusymrer, blei det denne gangen eit flott vinterlandskap som vart fangeaav kameralinsa.

– Surprise, sa Kong Vinter, ifølgje @beritolin.

Vassetvatnet

Kong Vinter veit korleis han skal overraske oss, ifølgje @beritolin.

Foto: @beritolin

Du kan sjå heile galleriet med over 10.600 bilete som har fått emneknaggen #nrkmogr her. NRK ser på Instagram som ein hyggeleg måte å dele bilete med publikumet vårt på. Du kan både knagge bileta dine med #nrkmogr og du kan følgje oss på @nrkmogr.

Om du ikkje har Instagram, kan du dele bileta dine med oss her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL