Hopp til innhold

– Strømsgodset blir ei herleg, ny utfordring

Kristiansund reiser til Drammen for å møte Strømsgodset. KBK-trenar Christian Michelsen åtvarar mot å la seg lure av den dårlege tabellplasseringa til heimelaget.

Christian Michelsen

KBK-trenar Christian Michelsen krev eit skjerpa KBK når laget møter Strømsgodset.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Strømsgodset blir av mange ekspertar framheva som eitt av laga som har skuffa mest så langt i årets utgåve av Eliteserien. Før kampen ligg Strømsgodset på kvalifiseringsplassen etter berre tre sigrar på 15 kampar.

– Dette blir ei ny herleg utfordring. Vi snakkar heile tida om at neste kamp blir som ein cupfinale. Dette blir ein ny, knalltøff match for oss, seier Kristiansund-trenar Christian Michelsen til NRK.

– Godset er svært gode

Christian Michelsen trur ikkje at tabellplassering gjev eit fullstendig svar på styrkane til Strømsgodset. Eliteserien er jamn og Strømsgodset kan ha underprestert.

– Vi ser ikkje på Godset som nokon tabellnabo. Dei er berykta for å vere svært gode på heimebane. Dette er den ultimate utfordringa for oss, seier Michelsen.

– Men Godset ligg bak Kristiansund på tabellen. Og Kristiansund var nær ved å slå serieleiar Rosenborg tidlegare i veka. Så dette kan no slett inga umogleg oppgåve?

– Nei, Vi tenkjer slik at det ikkje finst umoglege oppgåver i Eliteserien. Men vi må vere på max-nivå om vi skal klare dette. Og det er utgangspunktet og innstillinga vi dreg til Drammen med, seier KBK-trenaren.

– Gode prestasjonar mot RBK

Kristiansund har bak seg eit sterkt uavgjort-resultat mot Rosenborg. Og Kristiansund var faktisk nær ved å slå laget frå Trøndelag. Men eit RBK-mål på overtid førte til poengdeling. Der og då var det nok nokon som følte uavgjort-resultatet som eit tap. For sigeren var svært nær.

– Vi er svært fornøgd med Rosenborgkampen når vi no i ettertid ser resultatet i perspektiv. Vi er nøgde med utviklinga, sjølv om Rosenborg utlikna på overtid. Hugs at vi låg under 2–0. Eg trur ikkje det var mange i fotball-Noreg som trudde at vi skulle klare å kome tilbake. Andreomgangen var fantastisk god og vi ønskjer å vere på dette nivået så ofte som mogleg, seier Michelsen.

– Heng godt med i Eliteserien

Uavgjort-kampen mellom Kristiansund og Rosenborg er kanskje eit symbol på kor jamn eliteserien er i år. Og kampen viser også at Kristiansund, som av mange blei dømde til å hamne langt nede på tabellen, kan spele jamt med dei fleste.

– Vi har bevist at vi heng med. Vi klarer å hevde oss mot alle. Og pila til laget og spelarane peikar i riktig retning. Det er mykje bra som skjer, og vi gler oss til det som skal skje vidare, seier Christian Michelsen like før det er klart for Strømsgodset-Kristiansund.

Laster innhold, vennligst vent..

'

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL