Politiet er sikre på at brannen var påsett, og etterforskar saka vidare.
Brannen som starta i ein yttervegg blei meldt rett før klokka sju, og blei sløkt etter kort tid.
Lite skade
Rektor ved skulen, Odd Viken, seier det var ei ekkel oppleving. Han trur ikkje det er elevar ved skulen som står bak brannen.
Spora er godt synlege, men brannen gjorde liten skade. Det er svart oppetter veggen og varmen gjorde at eit vindauge sprakk. Rommet kan truleg takast i bruk att i løpet av dagen, seier Viken.