– Så glade at tårene sprett

Delegasjonen frå Aure var jublande glade då det kom fram at Aure rehabiliteringssenter ser ut til å vere berga. Helse Møre og Romsdal kjem truleg til å halde fram drifta av senteret i eigen regi.

– Vi er så glade at tårene sprett. Dette har vi jobba hardt for, seier Mari Thevik i organisasjonen Leve Nordmøre.

– Vi har tenkt på dette døgnet rundt. Vi har brukt timar og energi på dette, og no har vi fått betalinga for det.

Også varaordførar Hanne Breit Brekken var glad over opplysninga som blei lagt fram.

– Det direktør Nils Kvernmo sa i dag er i tråd med vårt mål, seier ho.

Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal skal no førebu ei sak på dette som skal leggast fram på styremøtet i september.

Aure delegasjon Helse Møre og Romsdal
Foto: Terje Reite / NRK