Hopp til innhold

– No sit eg og skjelv!

Ei kvinne frå Møre og Romsdal klarte nesten ikkje å tru sine eigne øyre då ho fekk telefon om at ho hadde vorte Lotto-millionær laurdag kveld.

Lotto

Seks personar fekk sju rette i Lotto laurdag. Ei av dei var ei kvinne frå Møre og Romsdal.

Foto: Norsk Tipping

Laurdag var det tala 1-4-18-19-25-28-31 og tilleggstalet 33 som vart trekt ut i Lotto-sendinga.

Heile seks heldige spelarar hadde sju rette, og får 2.295.705 kroner kvar. Ein av dei var ei kvinne frå Møre og Romsdal.

Ville jubelscener

Då kvinna fekk telefonen frå Hamar, var ho heime åleine.

– Eg såg på sendinga, men klarer ikkje å tru det. No sit eg og skjelv, sa ho lattermildt.

Ho fortalde Norsk Tipping at ho vann med ei fødselsdagsrekkje som ho har levert i mange år.

Kupongen kjøpte ho på Narvesen Amfisenteret Moa.

Les også:

Etterlyser fersk Lotto-millionær

I tillegg til kvinna frå Møre og Romsdal, fekk ein mann frå Kristiansand, ei kvinne frå Stavanger,ei kvinne frå Askim og ei kvinne frå Bodø full pott laurdag.

Den siste Lotto-millionæren kjem frå Stange i Hedmark og han har ikkje Norsk Tipping lykkast med å kome i kontakt med.

– Dermed kan det hende at han er fullstendig uvitande om kva som har skjedd, opplyser Norsk Tipping.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL