Hopp til innhold

- UÆÆH, eg har sju rette!

Berre éin spelar hadde sju rette i Lotto i går. Det betyr svimlande 15,5 millionar kroner i premie. Den heldige vinnaren er ei kvinne frå Smøla.

Lotto
Foto: Norsk Tipping

Norsk Tipping har omlag 200 Lotto-millionærar kvart år. I går var det altså ein Smølaværing sin tur.

- UÆÆH! Eg har sju rette! Er det verkeleg sant? Eg byrjar å grine, eg! nærast hylte dama i 50-åra då ho fekk sjekka tala.

Kvinna leverte kupongen sin via Norsk Tipping sine internettsider den 22. september. 7 rette er det meste ein kan få i Lotto og denne veka var Smøla-kvinna den einaste som hadde full pott.

- Ein eller annan heldiggris...

Ifølgje Norsk Tipping hadde ektemannen allereie sett trekninga på fjernsyn og kommenterte at ein eller annan heldiggris hadde håva inn over 15,5 millionar kroner, men ingen av dei tenkte tanken på at det kunne vere dei sjølv som vann.

- Dette hadde eg ikkje drøymd om, men du verda så moro! Det er nesten for mykje, sa ho til Norsk Tipping.

Vinnaren ynskjer å vere anonym.