Påska er godt i gang og mange har allereie tatt turen til fjellet for nyte late påskedagar med appelsinar, skiturar, kvikk lunsj og påskekos. Særleg i Møre og Romsdal har folk god grunn til å juble denne påska.
– Det ser ut til at høgtrykket som er i oppbygging over Norskehavet vil gi veldig flott vêr i fylket resten av denne veka. Det betyr at Møre og Romsdal peiker seg ut til å bli vêrvinnaren denne påske, seier statsmeteorolog Martin Granerød ved Vervarslinga for Vestlandet.
Kaldt og fint
Det blir ei kald påske over heile landet i år, med temperaturar som ligg godt under normalt heile påskeveka. Det er framleis snø fleire stadar i låglandet, noko som betyr ei fin påske for dei som er glad i å gå på ski.
– På natta og oppe i fjellet kan ein forvente temperaturar mellom fem til ti minusgrader. På dagtid blir det behagelege temperaturar i låglandet, samtidig som at sola kjem til å skine i store periodar, seier Granerød.
Også langtidsvarselet peiker på sol frå omtrent skyfri himmel resten av påska.
– Det blir lite skyer fram til helga, så det blir behageleg å sitte i sola denne påska, seier meteorologen.
Eller sjå vêrvarselet for heile landet tysdag og onsdag her:
Gode utsikter
Granerød seier det alltid er vanskeleg å garantere at vêret blir som meldt, men vektlegg at utsiktene for påskeveka er svært gode.
– Høgtrykket som kjem no har vore i prognosane lenge, og det er sannsynleg at det vil etablere seg i Norskehavet og gi mykje sol i Møre og Romsdal denne påska.
Samtidig trekker eit lågtrykk frå Europa sakte, men sikker nærmare Sørlandet. Det vil føre til ei auke i vinden i fjellet, særleg tysdag og første del av onsdagen.
– For Møre og Romsdal sin del så betyr det at ein kan få søraust opp i liten kuling utsette stader, men i låglandet så ser det ut til å bli ei strålande påske, seier Granerød.