Hopp til innhold

– Molde skal kjempe om topp tre

Moldespelarar likar seg helst på fotballbana, men i dag gjekk dei på catwalken for å vise fram dei nye draktene. Ambisjonen er å vere blant dei tre øvste laga på tabellen.

Fire av spelarane gjekk på catwalken i dag for å vise fram dei nye draktene.

Måndag kveld heldt Molde Fotballklubb møte for supporterar og medlemar på Aker Stadion.

Under møtet fekk folk stille spørsmål og kome tett på dei som jobbar i fotballklubben. Publikum fekk også sjå ny heimedrakt, bortedrakt, tredjedrakt og keeperdrakt.

– I år er heimedrakta veldig blå, sa marknadssjef Oddvar Talseth medan han bad dei fire modellane snu seg rundt så alle fekk ein kik. I fjor var tredjedrakta rosa, men i år er den svart.

Topp tre

Ole-Gunnar Solskjær

Ole-Gunnar Solskjær seier at han har eit ungt lag med svoltne spelarar.

Foto: Roar Strøm / NRK

For Ole-Gunnar Solskjær er det ikkje blånyansen på draktene som betyr mest. Målet til klubben er å hevde seg på dei tre øvste plassane på tabellen og kvalifisere seg til Europacupen.

Solskjær trur dei skal nå målet med eit ungt lag.

– Ja, vi har eit ung lag, men dei er svoltne. Dei fekk ei uvurderleg læring i fjor og fekk kanskje ein trykk i trynet med motgangen vi hadde, men eg er ganske sikker på at denne gjengen her slår tilbake i år, seier Solskjær.

Han trur at klubben i år får betalt for at dei satsa på dei unge, spanande spelarane.

Stallen har blitt mindre, men Solskjær meiner han har nok spelarar til å nå ambisjonen om å kjempe om topp tre.

– Vi er ikkje nærleiken av 40 obligatoriske kampar, så det skal vi klare, seier Solskjær.

Håper på seriegull

Svein Erik Jenset

Leiar i Tornekrattet, Svein Erik Jenset håper på seriegull.

Foto: Espen A. Istad/STUDIOISTAD

Også leiar i Tornekrattet, Svein Erik Jenset har trua. Han håper at Molde vinn serien i år.

– Vi er evige optimistar. Vi håper jo på seriegull på dette tidspunktet kvart år, men samstundes er vi realistar og veit at vi ikkje kan få det på bestilling. Det blir ein beintøff kamp som skal halde på over mange serierundar, seier Jenset.

Han seier at Tornekrattet skal stille opp så lenge klubben viser at dei gjer sitt aller beste. Jenset trur den unge stallen er positivt.

– Det gir rom for nye, veksande stjerner, seier Jenset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL