Hopp til innhold

– Mangel på konkurranse i ferjemarknaden er svært uheldig

Ein ny rapport frå Møreforsking slår fast at ferjedrifta i Møre og Romsdal er kraftig underfinansiert.

Anders Riise

Leiar av kontrollutvalet i fylket, Anders Riise, meiner ein ny rapport frå Møreforsking viser at ferjedrifta i Møre og Romsdal er kraftig underfinansiert.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er fylkesrevisjonen i Møre og Romsdal som har fått gjennomført analysen av ferjedrifta i fylket. Bakgrunnen for rapporten er auken i kostnadane knytt til ferjekontraktar som er blitt ei stor utfordring for fylkeskommunen.

Leiar av kontrollutvalet i fylket, Anders Riise, meiner rapporten har trekt nokre klare konklusjonar:

– Det kan tyde på at ferjedrifta er over 30 % underfinansiert i forhold til den normale kostnadsutviklinga som ligg i dei andre overføringane til fylka, seier han.

Kraftig kostnadsauke

I rapporten står det mellom anna at kostnadane kjem til å auke kraftig utover i 2015 og i 2016. Riise meiner det er svært alvorleg.

– No ligg det inn ei anbodskontrakt for 2015/2016 som vi ikkje får gjort noko med, men målet til fylkeskommunen er å få endre på dette slik at ein i framtida ikkje får den same kostnadsutviklinga, seier han.

Leiaren av kontrollutvalet trur det er fleire årsaker til at kostnadane har auka så kraftig dei siste åra.

– Innsatsfaktorane og nasjonale krav påverkar resultatet. Det er også eit resultat av at ein del av tilbydarane har tent lite pengar dei siste åra og no ser at dei er nøydd til å ta inn igjen noko av det. Det fører til at prisane går opp, seier han.

Riise fortel at rapporten peikar på ein rekke konkrete tiltak for å minke kostnadane.

– Det blir nemnt både eksterne og interne område som kunne ha vore betre, men det viktigaste er at vi i lag med stortinget og regjeringa finn ut korleis dette skal finansierast.

Få aktørar

Dei siste åra er det berre Fjord1 og Norled som har konkurrert om kontraktane. Mangel på konkurranse i ferjemarknaden er svært uheldig og kostnadsdrivande for fylkeskommunen, meiner Riise.

– Her bør vi ta grep. Det gjeld både lengda på kontraktar, korleis ein innrettar kontraktane og om ein skal eige eller drifte. Det er moglegheiter for å kunne påverke dette slik at andre aktørar enn dei som alt er inne i dag kan kome inn på likeverdige vilkår, seier Riise.

Han meiner fylkeskommunen må starte tidlegare med anboda for å få betre kontraktar og ein betre konkurransesituasjon.

– Vi ser at tida fram til kontraktane vert sett i verk er for kort. Det er forstyrrande og hindrar at nye aktørar kan kome til, seier Riise.