– Må vere førebudd på tøffe kutt
Underfinansieringa av ferjedrifta vil føre til kutt i ferjedrifta som folk vil merke. Det trur fylkesordførar Jon Aasen (Ap). For Møre og Romsdal fylkeskommune blir dei neste åra tøffe økonomisk. Manglande overføringar til ferjedrifta gjer dette enda vanskelegare, seier Aasen. Han er kritisk til regjeringa sitt framlegg til Stortinget. Resultatet vil bli færre ferjeavgangar i åra som kjem, seier Aasen som spår eit opprør blant innbyggjarane i fylket.