Sve vurderer søksmål fordi Solheim har stilt spørsmål ved om kroppsspråket til ordføraren fører til høgt fråver blant kommunestyrepolitikarane.
Kroppsspråk?
- Dette er nok innanfor det ein politikar må finne seg i i ein nokså vanleg politisk debatt, og sjølv om kritikken ikkje skulle vere heilt sann, må ein politikar tåle såpass, seier Danielsen.
Han peiker på at når det blir antyda at ordføraren kanskje har eit noko uheldig kroppsspråk som verkar uheldig på medrepresentantane i kommunestyret, så er det ein type ytringar som "ikkje er så fast i fisken".
Meiningsbryting
- Ut i frå det eg har høyrt er meiningsytringane ikkje så alvorlege eller konkrete at dei høyrer heime i domstolane, meiner Danielsen.
- Det ein politikar ikkje kan tole er skuldingar om konkrete faktiske forhold i retning av insinuasjon om straffbare eller sterkt klanderverdige forhold. Men her har vi å gjere med meiningsbryting som går på form og korleis ein opptrer i politisk samanheng, og då må ein tole veldig mykje, seier Danielsen.