– Må finne eit nytt deponi

Arbeidet med å skaffe Noreg eit nytt deponi for farleg uorganisk avfall er allereie tre år på overtid, seier prosjektdirektør i Norsk Avfallshåndtering, Egil Solheim. Raudsand i Nesset og Brevik i Telemark er alternative lokaliseringsstader for eit nytt deponi. I dag blir slikt farleg avfall lagra på Langøya i Oslofjorden. Dette deponiet er fullt i 2022. Selskapet Norsk Avfallshåndtering vurderer no tiltak som kan forlenge levetida på Langøya. Dette selskapet ønskjer å ta i bruk Norcem-gruvene i Brevik som deponi for farleg avfall.

Egil Solheim
Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK