Omkom
21 år gamle Frode Ueland Amlid omkom då han og fire andre blei tatt av ein brottsjø i Hoddevika natt til laurdag.
Tre studentar blei sende til sjukehus med mindre brotskadar.
Tenkte over faren
Elisabeth Tøtte Hansen kom først til ulukkesstaden og var med på å hjelpe medstudentar i land.
Ho seier at dei tenkte over at det kunne vere farleg å vere så nær brottsjøane.
Ville sjå på naturfenomen
– Eg trur ikkje nokon skjøna kor mykje kraft det faktisk var i bølgjene, men det var ingen leik med livet dette her. Det var for å sjå på eit utruleg naturfenomen — som dessverre gjekk så innmari gale, seier Elisabeth Tøtte Hansen.
Avlyste bølgjesurfing
Det var studentane si friluftsgruppe, Natura, som arrangerte turen til Hoddevika på Stadlandet. Leiar i Natura, Kåre Myrene, seier det blei bestemt å avlyse den planlagde bølgjesurfinga då dei såg kor store bølgjene var.
Utelukkar ikkje fleire turar
Natura har også tidlegare arrangert slike bølgjesurfeturar til Stad. Myrene utelukkar ikkje at det kan bli fleire.
– Turen var arrangert i god tid og veret kan ein ikkje planlegge. Med andre vêforhold er dette ikkje ein skummel tur, seier Myrene.