Hopp til innhold

– Ikkje ein einaste plass ledig

Møte mellom opprykksrivalane Kristiansund BK og Brann komande søndag har fått fart på billettsalet.

Over tre tusen solgte billetter og fulle tribuner. Slik blir det når Kristiansund Ballklubb møter Brann kommende søndag.Møtet mellom opprykksrivalene har fått fart på billettsalget.

VIDEO: Søndag tek Kristiansund BK imot Brann på heimebane. Kampen har vore utselt i over ei veke.

– Det skal ikkje vere eit einaste sete ledig her nei, seier Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund BK.

På stadion i Kristiansund er det i dag over 3000 ledige plassar. Neste søndag vil stadion derimot vere fylt til randa når Kristiansund BK tek imot Brann på heimebane.

– Det har vore utselt ei veke allereie, så det lovar godt for fullt trykk og stor stemning på kampdagen, seier Thorsen.

Dei to klubbane ligg no likt på tabellen, og det er knytt stor spenning til den viktige kampen.

Fulle tribunar

Klubben har tatt enorme skritt dei siste åra. Dei har fått ny stadion, større organisasjon og ikkje minst hatt gode resultat på fotballbana.

Kristiansund BK

På billettkontoret i Kristiansund prøvar dei å få plass til så mange som råd.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

KBK har hatt ein fantastisk sesong så langt, men utan det har blitt spegla på tribunen. Det har vore mykje å juble for, men ikkje alltid så mykje publikum som har jubla med.

No er alt det gløymt, og på søndag blir tribunen full av supporterar når Brann kjem på besøk.

Pågangen har vore så stor at dei tilsette på billettkontoret i Kristiansund no går gjennom listene manuelt for å prøver å finne ut om det er nokon som ikkje skal nytte plassane sine på kampdagen.

– Vi prøvar å finne ut om det er nokon som ikkje treng billettane sine.

Einaste moglegheit no er at nokon med sesongkort tek klubben si oppfordring og melder frå dersom dei ikkje har tenkt seg på kamp.

– Då kan vi la nokon andre sitte på dei plassane i staden for at dei plassane skal stå tomme, for ønsket om billettar er mykje større enn det vi har kapasitet til, seier Thorsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL