Hopp til innhold

– Greitt å få utrydda denne minken

17-åringen Sondre Reite er med på eit prosjekt der dei skal ta livet av så mange mink som mogleg. Minken har ingen naturleg plass i den norske faunaen og er ein trussel mot sjøfuglebestanden.

Minkfeller, Herøy vgs

Elevar ved naturbruklinja, VG1 ved Herøy vidaregåande skule set ut kasser med minkfeller i Remøyvika, like ved Rundebrua

Foto: Arne Flatin / NRK

Vi er ute i Remøyvika i Herøy på Sunnmøre. Nokre hundre meter unna ligg brua som fører ut til fugleøya Runde. Her vart det for to år sidan starta eit prosjekt i regi av Statens naturoppsyn, SNO, om å sette ut minkfeller med varsling.

Alv Ottar Folkestad har vore SNO sin representant på Runde og han har røkta fellene etter som signala har kome inn.

I fjor haust fekk lærarane ved Herøy vidaregåande skule, naturbruklinja, kontakt med leiaren for viltnemnda i kommunen, Sigurd Nygard. Dei var interesserte i eit prosjekt i faget som heiter naturbasert næringsaktivitet.

Sigurd Nygard, Herøy viltnemnd

Sigurd Nygard er leiar for viltnemnda i Herøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

Nygard fortel at han var på skulen og heldt eit foredrag for dei om skadane minken gjer på bakkehekkande fugl.

I desember starta tjue elevar på førsteklassa på naturbruklinja arbeidet med prosjektet. Dei har fått laga fellene i samarbeid med tømrarlinja på same skulen. Denne veka var det tid for å sette ut fellene.

Må få utrydda mest mogleg

Sondre Reite (17) er ein av elevane. Han seier dette er både spennande og interessant.

– Minken er no eit dyr som eigentleg ikkje skal vere her, så det er litt trasig at dei øydelegg næringskjeda og då prøver vi å utrydde litt.

Klassekameraten Tobias Liaset (16) er samd. Han seier dei har hatt ein del oppgåver på skulen om jakt, og han ser på dette som jakt. Det er elevane som ein gong i veka skal røkte minkfellene.

Mink, Herøy vgs, Sondre Reite og Tobias Liaset

Sondre Reite og Tobias Liaset trivst godt med minkprosjektet dei har på Herøy vgs. på linja for naturbruk.

Imponert over engasjementet

Olav Inge Edvardsen i Statens naturoppsyn er imponert over engasjementet til skuleklassa på Sunnmøre.

– Det er kjempemessig, og vi er avhengig av eit slikt engasjement for å lukkast. SNO har ikkje kapasitet til å rekke over alt, så lokale krefter og eldsjeler må til. Utfordringa er engasjement over tid. Når den første minken går i fellene er det spennande, men etter ei tid utan mink i fellene vert ofte engasjementet mindre.

Olav Inge Edvardsen, oppsynsmann i Statens naturoppsyn.

Olav Inge Edvardsen i Statens naturoppsyn, SNO

Foto: Roar Halten / NRK

Gode skuledagar på minkjakt

Tilbake i Remøyvika traskar dei 20 elevane rundt i terrenget. Det er midt i april og bitande kaldt med 3–4 grader i lufta. Det er spennande å få sett ut fellene. Læraren vel ut dei rette lokasjonane. Fellene vert så testa og sild vert lagt inn som åte. Etterpå hjelper elevane til med å dekke til fellene med lyng.

For Sondre og klassekameratane er dette gode skuledagar.

– Eg synest dette er veldig greitt med ein annleis kvardag. Det er artig å halde på med jakt og godt å kome seg ut.

Minkbestanden minkar

Edvardsen i naturoppsynet seier at det er god hjelp i prosjekta dei har, både på Sunnmøre og andre stader i landet. Ifølge SNO er minkproblemet stort langs kysten, men det er betring i sikte.

– Vi har ein klar indikasjon på at det er betydeleg færre dyr no enn for nokre år sidan. På Sør Smøla til dømes har det vore minkfritt i sju sesongar, og det er eit område på 100 kvadratkilometer.

Så det nyttar å engasjere seg. Det er også skuleklassa i Herøy eit godt døme på.

Minkfeller, Herøy vgs

Lærar Bjørn Leikanger viser elevane korleis dei skal sjekke minkfella før ho vert sett ut i terrenget.

Foto: Arne Flatin / NRK