– Foreldra sjokkerte over den brutale måten sonen miste livet

Foreldra til mannen som blei drepen i Ålesund tidlegare denne veka tek saka svært tungt. Det seier bistandsadvokat Gerd Haagensen.

Politiet utenfor huset der en mann ble funnet død etter en boligbrann i Spjelkavika

Foreldra til den drepne mannen i Ålesund tek det svært tungt. Den brutale måten han døydde på gjer det ekstra vanskeleg, ifølgje bistandsadvokaten.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Gerd Haagensen blei fredag ettermiddag utnemnt som bistandsadvokat for foreldra til mannen som blei drepen tidlegare i veka. Ho har snakka kort med dei to, og seier dei er sjokkerte over saka.

Gerd Cathrine Haagensen

Gerd Haagensen, som er bistandsadvokat for foreldra, seier dei tek drapet på sonen svært tungt.

Foto: Pål Kristian Lindseth

– Dei tek naturleg nok dette veldig tungt, dei er sjokkerte over at sonen skal ha mist livet på ein slik brutal måte, seier Haagensen til NRK.

Varetektsfengsla i fire veker

Fredag blei det også kjent at ei kvinne er varetektsfengsla i fire veker i samband med drapet. Ho var først sikta for falsk forklaring, men siktinga blei seinare utvida.

Frå før er tre menn fengsla, sikta for forsøk på mordbrann og lekamsskading med døden til følgje.

– Er kjende med obduksjonsrapporten

Haagensen, som representerer foreldra til den drepne mannen, seier dei er kjende med obduksjonsrapporten, som seier at vald truleg var årsaka til at han døydde.

– Den brutale måten han miste livet på gjer det ekstra vanskeleg for dei, seier Haagensen.

– No ventar dei ytterlegare etterforsking. Dei har fått god brifing frå politiet etter kvart, og vil vente på kva etterforskinga viser, seier Haagensen.

Førebels ikkje klart når gravferda blir

Dei to foreldra bur i Ålesund, men Haagensen vil ikkje kommentere kor stor familie avdøde har, etter ønskje frå politiet. Det er førebels ikkje avklart når det blir gravferd for mannen.

– Det veit vi ikkje. No må obdusentane gjere seg ferdige først, noko meir konkret kan vi førebels ikkje seie, seier Haagensen.