Hopp til innhold

Drapet i Ålesund: Vald truleg dødsårsak

Politiet opplyser at vald truleg var dødsårsaka etter dødsfallet i Spjelkavika tysdag. Dei vil ikkje seie noko om kva type vald det er snakk om eller kva omfang av vald som er brukt.

 Unni Moen Vikebakk og Oddbjørn Solheim

Politiet orienterer om status i saka i ein pressekonferanse.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Det opplyste politiet i ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

– Av omsyn til faren for å miste bevis vil vi ikkje seie noko meir om det no, seier politiinspektør Unni Moen Vikebakk.

Alle dei fire er sikta for lekamskrenking med døden til følgje. Dei tre mennene er i tillegg sikta etter mordbrannparagrafen.

– Grunnen til at den er med er at det er skjellig grunn til mistanke om at naboar og andre sine liv var sett i fare i samband med brannen, seier Moen Vikebakk.

Kvinna fengsla i fire veker

Den døde mannen fraktes ut fra leiligheten i Øvre Holen

Onsdag kveld blei den døde mannen frakta ut av bustaden i Spjelkavika.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Kvinna som er sikta blei i dag varetektsfengsla i fire veker, to av vekene i isolasjon. Dette er i tråd med påstanden frå politiet. Ho var først sikta for falsk forklaring, men siktinga blei seinare utvida.

Dei tre mennene blei varetektsfengsla i går.

Trappar ned etterforskinga i helga

Politiet opplyser vidare at etterforskinga blir trappa ned i helga, men at dei vil ta den opp att for fullt på måndag.

Dei opplyser vidare at namnet på den døde ikkje blir frigitt no.

Har gjort mange avhøyr

Politiet har hatt så mange som 50-60 personar på saka og har gjort både taktiske og tekniske undersøkingar.

– Vi har til no gjort 75 avhøyr i saka, seier politstasjonssjef Oddbjørn Solheim.

Solheim stadfestar at dei har gjort søk i Olsvika i indre bydel i Ålesund torsdag kveld, men vil ikkje seie noko om meir om kva dei har søkt etter. Politiet vil halde fram med søk i dette området fredag.

– Av omsyn til bebuarane i området ber vi om at det blir minst mogleg trafikk ved åstaden framover, seier Solheim.

– Kvifor er de tilbakehaldne?

– Det er framleis tidleg i etterforskinga. Vi kan ikkje sjå bort frå at det kjem til å vere ei utvikling i saka, seier han, og legg til at dei har fått in mange gode tips frå publikum.

Mordbrann er no ein del av siktinga mot dei tre mennene som er pågripne etter brannen i Spjelkavik der ein mann blei funnen død. Den døde er i dag obdusert og identifisert.

TV-sak 23.10: Mordbrann er ein del av siktinga mot dei tre mennene som er pågripne etter brannen i Spjelkavik der ein mann blei funnen død. Den døde er blei torsdag obdusert og identifisert.