Hopp til innhold

Raumaordføraren meiner oppgraderinga av E136 gjennom Romsdalen kjem for seint

Ny veg mellom Flatmark og Marstein. Rassikring og krabbefelt forbi Verma. Nasjonal transportplan legg opp til ei oppgradering av E136 gjennom Romsdalen. Men det kjem for seint, meiner ordføraren.

Trollveggen

VAKKERT: E136 mellom Romsdalen byr på vakker natur, men lokalpolitikarane har kjempa lenge for å få opp nivået på vegstandarden.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad (H), meiner det er sjølvsagt at desse prosjekta er med i Nasjonal transportplan, og meiner alt burde ligge inne i første planperiode.

– På sin plass

Transportplanen gjeld for 2014–2023. Krabbefelt forbi Verma og rassikring i området mellom Verma og Bjorli ligg inne i dei første seks åra av perioden.

Men utbygging av den smale og svingete vegen mellom Flatmark og Marstein ligg ikkje inne før i dei siste seks åra av perioden.

– Det tar for lang tid. Eg hadde håpa at vi kunne begynne arbeidet med ein gong vi var ferdige med Måndalstunnelen og Tresfjordbrua. Det er bra desse prosjekta ligg inne, men det skulle berre mangle, seier ordføraren.

Les kva prosjekt som får pengar her: Slik vil Regjeringen utvikle transporttilbudene i Møre og Romsdal

Jublar ikkje

Lars Olav Hustad

JUBLAR IKKJE: Ordførar Lars Olav Hustad (H) vil arbeide for å endre prioriteringa i Nasjonal transportplan.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Det er altså ingen jubel å spore hos ordføraren. Han meiner vegen gjennom Romsdalen burde vore utbetra for mange år sidan.

– Det går 500 vogntog om dagen opp Romsdalen. Vegen er alt for farleg, svingete og trafikkfarleg. Skal Møre og Romsdal framleis vere eit eksportfylke, så må samferdsel og infrastruktur vere på plass seier han.

– Treng betre asfalt

Kåre Brudeli er næraste nabo til vegen på Verma. Han er glad for at vegen får ei etterlengta oppgradering, men er samd med ordføraren i at det hastar.

– Ja, det er velkome at dei vil ta dei verste svingane mellom Flatmark og Marstein. Det er det verste på heile vegen, seier han.

Han er også glad for at krabbefelt forbi Verma er inne i transportplanen. Men det er likevel ikkje berre lovord å få frå Brudeli.

– Vedlikehaldet på vegen har vore forsømt i ein mannsalder. Det er det som er så fortvilande. Eg køyrde til Åndalsnes i går, og no i vårløysinga ser det ut som heile vegen går i oppløysing. Det er sprekkar og holer over alt, seier Kåre Brudeli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL