Hopp til innhold

– Dette gjer oss stolte

Nynorsk kultursentrum er nominert til Årets museum. – Det er veldig kjekt at fagmiljøet vi er ein del av set pris på det vi gjer, seier direktør Ottar Grepstad.

Ivar Aasen-tunet på Sunnmøre

Ivar Aasen-tunet er hovudarena for Nynorsk kultursentrum.

Foto: Gaute Øvereng / Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum er saman med Munch-museet og Nordnorsk Kunstmuseum nominerte til Årets museum. Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, seier at nominasjonen er overraskande, men gledeleg.

– Vi har prøvd å gå våre vegar og arbeide målretta med det vi har meint er lurt å gjere. Og så har vi tenkt mykje på at originalen gjerne er betre enn kopien, og difor har vi prøvd å gjere ting på vår måte, seier han.

I grunngjevinga frå juryen står det mellom anna at Nynorsk kultursentrum, med Ivar Aasen-tunet i Østa som hovudarena, er ein pioner. Både nasjonalt og internasjonalt står språk- og litteraturmuseet fram som ein uvanleg levande, ambisiøs og systematisk formidlar og forvaltar av immateriell kulturarv.

Ottar Grepstad

Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, er stolt over nominasjonen.

Foto: Aasentunet

– Det er veldig gode ord. Det gjer oss stolte. Det er det vi har prøvd å få til, og viss vi har klart det så er det strålande, seier Grepstad.

– Vil vise nye vegar inn til nynorsken

Direktøren seier at det viktig for museet å gi det nynorske språket og litteraturen vitalitet og relevans.

– Når vi forvaltar det eldste språkmuseet i verda så ligg det ei forplikting berre i det. Og vi ønskjer å vise nye vegar inn til det nynorske på ein slik måte at vi ikkje let att dører for dei som trudde at nynorsk ikkje var noko å bry seg om.

Fleire nye prosjekt

Juryen legg vekt på at museet driv eit omfattande arbeid med å samle og formidle språkarven digitalt, mellom anna i form av oppslagsverket Allkunne. Samstundes meiner juryen at dei klarer å utvide sitt nedslagsfelt. I fjor opna det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, og no blir det arbeidd med å opprette eit nytt Vinje-senter i Telemark.

– Hauge-senteret er trygt etablert. Det har hatt ein god sesong. Og i Vinje har vi ein intensjonsavtale, og greier vi å få til det senteret så blir det eit museum på line med Ivar Aasen-tunet og Hauge-senteret. Her har vi sett at dei to sentera har hatt positiv innverknad på kvarandre. Og slagordet om at den faglege nærleiken er større enn den geografiske avstanden har vist seg å stemme.

Grepstad seier at dei stadig har nye prosjekt.

– Vi slår oss ikkje til ro med dette. Takka vere ein god stab er det mogleg å gjere nye ting.

Trur ikkje dei vinn

Grepstad seier at han ikkje ein gong trudde dei skulle bli nominert, og tør ikkje håpe på at dei vinn.

– Eg har sagt i fullt alvor internt at vi går ut ifrå at vi ikkje blir nominert og ikkje vinn. Dette kan trass alt ikkje vi styre, ler direktøren.

Juryen for Årets museum består av stortingsrepresentant Ib Thomsen (leder), museumssjef Cornelia Lönnroth frå Göteborgs stadsmuseum og Haakon Flemmen, kulturredaktør i Klassekampen. Sekretær for juryen er Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges museumsforbund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL