Hopp til innhold

– Det blir eit bikkjeslagsmål

Kristiansund BK tek imot Hødd på heimebane, og trenarane ventar eit tett oppgjer. – Det blir eit bikkjeslagsmål, det er alltid tett når vi møtes, seier hovudtrenar i Kristiansund BK.

Christian Michelsen

Christian Michelsen, hovudtrenar i Kristiansund BK, seier at det er viktig å ta poeng mot Hødd.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Etter ei lita pause startar haustsesongen i 1. divisjon opp igjen for fullt med eit lokaloppgjer søndag.

Førre gong dei to laga møttest var i slutten av mai. Då trakk Kristiansund BK det sterkaste strået og kunne reise heim frå Ulsteinvik med ein 1–0 siger i bagasjen.

Begge trenarane trur det blir ein krevjande kamp.

– Det blir nok ein tett kamp i dag også. Vi er to lag som kjenner kvarandre godt og eg forventar ein jamn kamp, seier Sindre Eid, hovudtrenar i Hødd.

– Det blir eit bikkjeslagsmål. Det er alltid tett når vi møtes. Det laget som klarer å halde hovudet kaldt og som vil det mest, vinn kampen, seier Christian Michelsen, hovudtrenar i Kristiansund BK.

Klar for å kome i gang

Hødd ligg på ein foreløpig 3.-plass på tabellen med 25 poeng. Med fire poeng mindre ligg KBK på ein 7.-plass så langt i sesongen.

Sindre Eid

Sindre Eid, hovudtrenar i Hødd, ser fram til ein jamn kamp i Kristiansund.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Hovudtrenaren i Hødd seier at laget har gledd seg og ser fram til å kome i gang med haustsesongen.

– Vi er kampklare og føler at vi har førebudd oss godt til denne kampen. Vi er fokuserte på oss sjølv og den jobben vi skal gjere, seier Eid.

– Så får vi sjå kva resultatet blir når kampen er ferdig, held han fram.

Viktig kamp for KBK

I Kristiansund håpar trenar Christian Michelsen å kunne gjenta resultatet frå førre 1.-divisjonskamp mot Hødd. At kampen er eit lokaloppgjer gir ekstra motivasjon, meiner han.

– Det er noko spesielt med slike lokaloppgjer, og det er viktig å vere best. Vi forventar som sagt ein tett kamp, og då er det ekstra kjedeleg å tape, seier han.

Trenaren er stort sett fornøgd med vårsesongen, men er førebudd på ein krevjande haustsesong der kvar kamp blir viktig.

– Hødd ligg framfor oss på tabellen, og sann sett er det ein viktig kamp. Haustsesongen er i gang og toget går dersom ein har lyst til å vere med å kjempe om dei seks øvste plassane. Då tel kvart poeng, seier Michelsen.

Få oversikt

Laster innhold, vennligst vent..

Sjå tabellen

Laster innhold, vennligst vent..