– Bygget var dårleg forsikra

Lagerbygningen på Sjøholt som blei totalskadd i brann måndag morgon var dårleg forsikra. Eigaren reknar med å gå på eit stort tap som følgje av brannen.

Brann Sjøholt
Foto: Arnold Hoddevik / arnoldfoto.no

Lagerbygningen ligg like vest for Sjøholt sentrum. Det steig opp kraftig, mørk røyk under brannen, og store deler av Sjøholt blei røyklagt. Røyken var så kraftig at politiet evakuerte nabobygningen og oppmoda folk i bygda om å stengje vindauge og helst halde seg innandørs.

Det er Ola Sønderland som eig lagerbygningen. Han sov i eit hus i nærleiken, og blei vekt av at nokon banka på døra hans.

Ola Sønderland

Ola Sønderland eig bygningen som brann på Sjøholt måndag morgon.

Foto: Frode Berg / NRK

Nokon banka på ytterdøra mi og vekte meg. Eg vart veldig overraska då eg skjønte at bygget var i full fyr, seier Ola Sønderland til NRK.

– Svært overraska

Bygget består av to deler. Det er den eldste delen som er totalskadd i brann. I taket var det mykje isolasjonsmateriale. Dette skapte mykje svart røyk, slik at nabobygningen måtte evakuerast.

Eg såg at det rauk ganske kraftig då eg kom hit. Og eg var veldig overraska over det eg såg. Det vart meir og meir flammar, og til slutt var det full fyr her, seier Sønderland.

– Går på eit tap

Ifølgje Sønderland var lagerbygningen dårleg forsikra. Sjølve bygningen hadde avgrensa verdi, ifølgje Sønderland.

Eg forsikrar bygningane mine etter verdien på dei. Så dette blir eit tap. Bygningen blei brukt til lager med ein del rekvisita frå andre bygg og ein del bygningsmateriell, seier Sønderland.

På bygget står det også store skilt med ved. Men vedlageret ligg i den nye delen, så dette har ikkje brent, ifølgje Sønderland.

Mykje røyk

Det vart ein heilt spesiell morgon for folket på Sjøholt. Flammane stod opp av taket på bygningen før det var skikkeleg lyst. Og det vart fullstendig trafikkaos i området.

– Røyken står tett, innover Sjøholt sentrum og opp mot Ørskogfjellet, fortalde Monica Breivik til NRK i 7-tida måndag morgon. Ho bur i åssida like ovanfor lagerbygningen som brann.

Trafikkaos

Brannvesenet fekk etter kvart kontroll over brannen, og gjennomførte ei kontrollert nedbrenning. Den svært trafikkerte Europaveg 39 går kloss inn til lagerbygningen, og vegen blei stengd ein periode. Det var omkøyring via smale fylkesvegar i området. Dette førte til trafikkaos på den smale fylkesvegen i Solnørdalen.

Hovudårsaka til trafikkaoset var, ifølgje politiet, at trafikantane ikkje brukte møteplassane slik dei burde. Vegvesenet blei tilkalla for å hjelpe politiet med trafikkdirigeringa.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.