Hopp til innhold

– Pelletsfabrikken skulle aldri ha fått statlege pengar

– Pelletsfabrikken BioWood i Averøy, skulle aldri fått statlege miljøpengar, seier forskar ved Statistisk sentralbyrå Bjart Holtsmark. To år etter oppstart, går selskapet mot konkurs.

Pelletslageret på BioWood

Pelletsfabrikken på Averøy tok imot 97 millionar kroner frå Enova. To år etter oppstart, går fabrikken mot konkurs.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Bjart Holtsmark

Forskar Bjart Holtsmark ved Statistisk sentralbyrå meiner at det var feil å gi statleg støtte til BioWood.

Foto: Studio Vest

Pelletsfabrikken BioWood på Averøy tok imot 97 millionar kroner frå det statlege miljøselskapet Enova for å starte storproduksjon av pellets. Målet var å verte ein av verdas største produsent av biobrensel. Men verksemda har ikkje tent pengar sidan oppstarten for to år sidan og leiinga har gitt seg sjølv ein månad for å vurdere om det er grunnlag for vidare drift.

Pelletsfabrikken burde aldri ha fått statlege pengar, meiner forskar Bjart Holtsmark ved Statistisk sentralbyrå.

Aukar Co2 utsleppa

– Enova har lagt rapportar til grunn om at bioenergi frå skog er klimanøytralt. Mine analyser viser at denne typen pelletsprosjekt aukar tilførselen av Co2 til atmosfæren og ikkje det motsette, seier Holtsmark.

Han meiner at Co2 nivået tvert imot vil auke i fleire hundre år når ein tek ut skog til slike prosjekt.

– Var riktig å gi pengar

Enova meiner framleis at det var rett å støtte pelletsfabrikken.

– Det vi gav støtte til var ei fornybar varmeforsyning ved fabrikken. Det gjer vi også for andre industribedrifter, seier Øyvind Leistad. Han er direktør for energiproduksjon i Enova.

Øyvind Leistad

Øyvind Leistad i Enova meiner at det var riktig å gi støtte til pelletsfabrikken. n

Foto: Enova

Enova deler årleg ut store summar til bioenergiprosjekt slik som pelletsfabrikken på Averøy. Det er ulike senterpartistatsråder i Olje og energidepartementet som har gitt føringane. Bioenergi er basert på energi frå tre og plantar og gir norske skogbønder fleire bein å stå på. Men som miljøstrategi er det feilslått. Det meiner Holtsmark.

Har ikkje klimaeffekt

–Eg meiner at Enova må gå gjennom støtteordningane for bioenergianlegg. Det har kome så mykje ny forsking som viser at dette ikkje har den klimaeffekten ein har trudd, seier Holtsmark.