NRK Meny
Normal

Miljøeventyret tar slutt

Fredag er det siste arbeidsdag for 40 tilsette når BioWood på Averøya legg ned produksjonen.

I dag var det siste arbeidsdag for 40 tilsette på Biowood på Averøya. Pelletsfabrikken vart opna i 2010, og i november i fjor kom beskjeden om at fabrikken skulle stenge dørene på grunn av lite lønsam drift.

Siste dag for dei tilsette ved Biowood.

BioWood skulle vere ei solskinshistorie. Då dåverande miljøvernminister Erik Solheim opna BioWood sin produksjon av pellets i 2010.

Det blei ein anna skjebne for eventyret enn ein hadde venta.

– Det er ein vemodig dag, seier Trond Åge Roksvåg, hovudtillitsvalt ved BioWood.

I november i fjor kom beskjeden om at fabrikken skulle stenge dørene på grunn av lite lønnsam drift. Dei tillitsvalde i BioWood blei svært fortvilte då dei fekk beskjeden.

Dei tilsette reagerer med fortviling over at dei 40 arbeidsplassane ved pelletsfabrikken på Averøy går tapt.
I går bestemtet styret for Biowood AS at drifta skal stanse 28. februar neste år.

Fortvilte tillitsvalde i BioWood.

Stenger portane for godt

No ligg den siste båten til kai ved BioWood på Averøya, og blir lasta med siste rest av pellets. Snart er det tomt, og når båten dreg stenger portane for godt.

– Det er ikkje ein hyggjeleg situasjon å vere i, seier administrerande direktør Lars Frode Askheim i BioWood.

Askheim rosar eigar og spesielt dei tilsette for ein fin innsats dei siste månadene etter at det tunge bodskapen blei gitt.

Må finne seg nye jobbar

BioWood har gått med tap sidan oppstarten i 2010. No må dei 40 tilsette som har jobba ved BioWood finne seg nye jobbar.

– Om lag halvparten er allereie sysselsett i andre bedrifter, så det er jo gode tal, seier hovudtillitsvalt Roksvåg.

LES OGSÅ: Første spadestikk for BioWood

LES OGSÅ: 40 tilsette kan miste jobben ved BioWood