Hopp til innhold

80 MS-pasientar har meldt seg til forskingsprosjekt

Berre få dagar etter at eit forskingsprosjekt av MS-pasientar som har tatt stamcellebehandling i utlandet vart kunngjort, har allereie 80 pasientar meldt seg.

 Margrete Otterlei Lunde

Margrete Otterlei Lunde har sagt ja til å delta i studien.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Over 100 norske MS-pasientar har reist til utlandet for å få stamcellebehandling. Behandlinga er omdiskutert og berre eit fåtal av pasientane får gjennomført dette i Noreg, gjennom forskingsprosjekt ved Haukeland sjukehus i Bergen.

Ei av dei som har gode erfaringar etter behandling utanlands er Sigrid Krohn-Dale frå Ålesund. Ho drog til Pirov-sjukehuset i Moskva i august 2014.

For få dagar sidan fekk ho brev frå Nasjonal kompetanseteneste som vil ha alle desse pasientane med på et forskingsprosjekt. Krohn-Dale var svært positiv til kartlegginga og seier ja til å delta. Det same gjer Margrete Otterlei Lunde. Ho tok stamcellebehandling i Mexico, men er framleis ikkje ferdig.

– No har eg trakka veg for dei som kjem etterpå, og då er det viktig å vere med på denne kartlegginga, seier Otterlei Lunde.

Sigrid Krohn Dale

ter stamcellebehandlinga hadde Sigrid Krohn-Dale som mål å besøke utsiktspunktet Byrampen i Ålesund.

Foto: Privat

Enorm respons

Tilbakemeldingane frå MS-pasientar som har vore stor, skriv Dagens medisin.

– I løpet av helga har vi fått tilbakemeldingar frå over 80 personar. Det er ein fantastisk respons. Pasientane har etterlyst ein slik studie, og dette viser at engasjementet er stort og at mange svært gjerne ønsker å bidra. Det er kjekt, seier Stig Wergeland, nevrolog og postdoktor ved Nasjonal kompetanseteneste for MS i Bergen til Dagens Medisin.

Målet med kartlegginga som skal gjennomførast no er å få betre oversikt over dei som har tatt behandling i utlandet. Desse pasientane har sjølve måtte betalt for behandlinga.

Eit steg på vegen

Margrete Otterlei Dale veit enno ikkje om den tøffe behandlinga, har vore til hjelp. Ho merkar at synet har blitt betre og augelegen er imponert.

Sigrid Krohn-Dale er tilbake i full jobb etter si behandling i 2014. Ho ser på undersøkinga som no blir sett i gang som eit steg på vegen mot å få etablert fast behandling også i Noreg

– Det tar tid før dette er ei etablert behandling i Noreg. Men mange fleire får anledning til å få slik behandling i Norge no, seier Krohn-Dale.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL