Hopp til innhold

5000 underskrifter

På kort tid har over 5000 sett namnet sitt på eit opprop om å få heva vraket av Bourbon Dolphin.

Det starta i det små, med lister i nærbutikkane i Herøy. Så fekk støttegruppa etter Bourbon Dolphin-forliset tilbod om ei nettside der dei som ville, kunne skrive under. No har talet på underskrifter passert 5000, og enno er kampanjen berre halvvegs, seier Toril Eidsvik Nygård i støttegruppa.

Dei etterlatne ønskjer å få båten heva for å finne svar på kva som gjekk gale i april då han kantra og åtte menneske miste livet. Toril Eidsvik Nygård seier at dei ikkje veit om kampanjen vinn fram, men dei vil ikkje at noko skal vere uprøvd, og dei er svært glade for det engasjementet folk viser.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL