Hopp til innhold

19 smitta på russisk båt i Ålesund

19 personar er smitta av koronavirus på ein russisk båt som ligg til hamn i Ålesund.

Russisk fiskebåt med koronasmitte

Den russiske båten med 19 koronasmitta personar om bord ved kai i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei smitta blir sett i isolasjon på båten, opplyser Ålesund kommune.

Hamnekapteinen forsikrar at smittevernet er varetatt og at mannskapet ikkje har lov til å kome i land.

– På grunn av tekniske problem er båten lagt til kai på Stornespiren i Ålesund, fortel hamnekaptein Steve Hansen.

19 personar er smitta ombord i russisk båt i Ålesund

Den russiske båten ved kai i Ålesund

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fekk vite om smitten laurdag

Kommuneoverlege Victoria Guzenko Natvik i Ålesund seier dei fekk vite om smitten laurdag. Ho seier det er 34 menneske om bord i båten.

Vanskeleg å finne plass

– Vi må avklare korleis vi skal ordne anten isolasjonsbustader for dei som er smitta, eller karantebustader for dei som framleis har negativ test, seier Natvik.

Ho seier at situasjonen er utfordrande.

– Kommunen har ikkje kapasitet til å huse alle om bord på så kort varsel, seier Natvik.

Kommuneoverlegen seier at mannskapet ikkje får forlate båten før Ålesund kommune har fått klarheit i kva som vidare skal skje. Så langt har ingen forlate båten, og ingen kan forlate den før dei får avklart kva som skal gjerast vidare.

– Vi veit ikkje kor lang tid det kjem til å ta. Vi håpar vi veit meir i løpet av dagen, i verste fall i løpet av morgondagen, seier Natvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL