18-åring truleg omkomen

Mannen som fall over bord frå passasjerferja MS «Stavangerfjord» utanfor Mandal natt til laurdag er ein 18 år gamal mann frå Møre og Romsdal. Det stadfestar politiet i Agder til avisa Møre. Mannen er framleis ikkje funnen og politiet antek at han er omkomen. Under søket etter 18-åringen styrta eit småfly som hjelpte politiet og ein 54 år gamal mann døydde.

Redningaksjon Mandal
Foto: Redningsselskapet