Hopp til innhold

40.000 laks kan ha rømt frå oppdrettsanlegg

«Skotpremie» på laks i Sognefjorden etter største rømmingshending på fleire år.

Rømt oppdrettslaks i Vadheim. Svein Rune Kyrkjebø er ute på fjorden.

GJENFANGST: Aller Aqua vil betale 200 kroner for kvar fisk som blir levert tilbake.

Foto: Steinar Lote / NRK

Store mengder oppdrettslaks har rømt frå Aller Aqua sitt oppdrettsanlegg i Vadheim.

Hendinga skjedde laurdag, i samband med levering av fisk til slakt. Nøyaktig kor mange laks som har rømt er ukjend, men det skal ha vore rundt 40.000 laks i merden då hendinga skjedde.

Rømminga kan få store konsekvensar for villaksbestanden i andre elver i området.

– Dette er djupt tragisk. Dette er ei genetisk forureining, og det treng vi ikkje meir av, seier Knut Munthe Olsen, grunneigar i Årøyelva i Sogn.

Aller Aqua har ikkje svart på førespurnadar frå NRK om intervju i dag.

Les også Ny rapport: Kritisk for villaksen

Arne Jørrestol. Forskningsfangst på Agdenes i Trondheimsfjorden

Kan få pålegg om utfisking

Like før rømminga i Vadheim hadde grunneigaren fått ei gladmelding frå dykkarar som jakta rømt oppdrettslaks i hans eiga elv. Her fant dei ingen ubedne gjestar.

Men dykkarane hadde knapt pakka snorkelen vekk, før meldinga om ein lakserømming i Sogn kom.

Grunneigaren seier det allereie har kome meldingar om ekstra mykje laks i Aurland. Truleg vil det berre ta dagar før dei andre elvene, inkludert Årøyelva, får dei ubedne gjestane på besøk.

Slik var det også i 2019, då over 10.000 oppdrettslaks rømte frå Slakteriet Brekke i Gulen og ut i Sognefjorden.

Fiskeridirektoratet er varsla om hendinga i Vadheim. Regiondirektør Leni Lisæter seier dei jobbar med å kartlegge situasjonen. Omfanget er framleis ukjent.

Her ved anlegget i Vadheim rømte oppdrettsfisk i helga.

– Det kan vere at anlegget får pålegg om utfisking av laks i elver som kan verte truga, seier ho.

Lisæter seier det som oftast er under avlusingsoperasjonar eller under levering til slakt at slike rømmingar skjer.

Anlegget betalar no fiskarar ein «skotpremie» på 200 kroner per laks dei får levert tilbake.

Smitta fisk på anlegget

Noko som kan gjere lakserømminga enda verre er at det tidlegare i år vart påvist Pankreas-sjukdom (PD), som er ein alvorleg laksesjukdom.

Gro Eliassen, avdelingssjef i Mattilsynet, bekreftar at det var smitta fisk med PD på anlegget i Vadheim.

– Kjenner de til om det var smitta fisk som rømte?

– Nei, det er ukjent for oss.

Eliassen seier det ikkje er farleg for menneske å ete smitta fisk.

Stort problem

Så langt i år har 17.659 laks, fordelt på 26 rømmingar, rømt frå norske oppdrettsanlegg. Det syner tal frå Fiskeridirektoratet.

– Men vi må vi ta tala med ei stor klype salt, meiner Sigurd Hytterød, fagsjef i Norske lakseelver.

Ei årsak er at det er vanskeleg å vite nøyaktig kor mange laks det er i merdane.

– Vi trur det står verre til, seier han.

Lakselus og rømt oppdrettslaksar er i dag den største trugselen mot villaksen, som i fjor blei raudlista.

Les også Nei til fiske har ført til nok lakseegg i elvene

GODT FISKE: Så langt i år innsiget av laks meir normalt enn botnåret i fjor.

– Villaksen har tilpassa seg eit liv i elva gjennom tusenvis av år. Når den blandar seg med oppdrettslaks, får avkommet andre eigenskapar enn den skulle hatt. Då greier avkommet seg dårlegare, og færre kjem tilbake i elvane.

I Noreg er det om lag 450 laksebestandar. Norsk institutt for naturforsking og Havforskingsinstituttet har undersøkt 230 av desse.

Tala er nedslåande: To av tre bestandar er genetisk påverka av oppdrettslaks. Samstundes er det i éi av tre elver påvist stor genetisk påverknad.

Kan ta mange år

Krister Hoaas er regionsjef Havbruk Vest, Sjømat Noreg.

Ei rømmingshending er ei for mykje, og derfor blir det jobba systematisk med å redusere rømmingsrisikoen. Det ser vi også resultata av.

Hoaas viser til at rømmingstala har gått ned over tid.

– Innslaga av rømt fisk i elvene har ikkje vore lågare så lenge det har vore gode tal for kartlegging og registrering, seier han.

Regionsjefen viser til at dei også har gode avbøtande tiltak for å ta ut rømt fisk i elv.

Men Sigurd Hytterød i Norske lakselever seier det tek lang tid å reversere genetisk forureining.

– Sjølv om rømmingstala har gått ned, så vil ei stor rømming gjere stor skade som kan vare over mange år.

Rømt oppdrettslaks i Vadheim. Svein Rune Kyrkjebø er ute på fjorden.

Svein Rune Kyrkjebø gjer det han kan for å fange laksen som har rømt.

Foto: Steinar Lote / NRK