Hopp til innhold

Øver på å handtere krisesituasjonar

1500 kvinner og menn er i dag i full aktivitet fleire stadar på Nordmøre og i Romsdal, i samband med militærøvinga «Mørejarl».

Redningsøvelse Tustentunnellen

1500 kvinner og menn er denne veka samla på Nordmøre og i Romsdal for å gjennomføre ei stor militær øving.

Foto: Ann Eli Nøsen / nrk

Redningsøvelse

Både politi og brannkorps deltek i øvinga.

Foto: Ann Eli Nøsen / nrk

Øvinga er langt meir omfattande enn dei vanlege og meir lokale øvingane til Heimevernet, og blir gjennomført saman med fleire sivile samarbeidspartnarar.

Under øvinga vil ein del uniformert personell bevege seg mellom Åndalsnes, Molde, Kristiansund og Sunndalsøra.

– Det vil vere ein del militær aktivitet og køyretøy i desse områda som vil køyre rundt å sikre ulike objekt i øvingsområdet, seier distriktssjef i HV11, Per Olav Vaagland.

Stor øving i Tussentunnelen

Politi, Fylkesmannen, Sivilforsvaret, helse- og redningsteneste, brannkorps og Statens vegvesen deltek i øvinga som finn stad på Nordmøre og i Romsdal.

Innsatsleder Hans Kristian Lundgreen

Politiet deltek også på øvinga, her ved innsatsleiar Hans Kristian Lundgreen.

Foto: Ann Eli Nøsen / nrk

Øvinga samlar militære og sivile kapasitetar som jobbar med samfunnstryggleik, med Heimevernet som den største aktøren.

Ein stor del av øvinga vil også skje inne i Tussentunnelen, som ligg mellom Fræna og Molde.

– Der vil vi øve på å handtere skadd personell og ammunisjon. Denne delen av øvinga vil også involvere sivilt helsestell, seier Vaagland.

Saka held fram etter videoen.

1500 kvinner og menn er i dag i full aktivitet fleire stadar på Nordmøre og i Romsdal, i samband med militærøvinga «Mørejarl».

Viktig trening

Militærøvinga «Mørejarl» skal fokusere på samfunnet si felles evne til å handtere ein krisesituasjon. Ei slik øving gjennomførast kvart tredje år, og distriktssjefen meiner det er viktig at Heimevernet har desse øvingane.

Øving i Tussentunellen
Foto: Ann Eli Nøsen / nrk

– Heimevernet utgjer 2/3 av det norske Forsvaret, og vi treng å øve, trene og forbetre oss. Det er viktig å vere førebudd dersom noko skulle skje, seier Vaagland.

Øvinga, som starta laurdag, vil vare ut veka, og blir evaluert både undervegs og ved slutten av veka.

– Evaluering er ein viktig del av øvinga. For å kunne bli betre må vi sjå på kva som gjekk bra, og kva som ikkje gjekk heilt som det skulle, seier Vaagland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL