Hopp til innhold

13 timar reise for eit møte

Marit Krogsæter skulle berre på eit møte i Molde, men ein rask flytur vart forvandla til ei langdryg humpetitten-reise gjennom fylket.

Krogsæter montasje

Marit Krogsæter (innfelt) måtte reise med fly, buss og ferje for å komme seg på eit møte i Molde.

Foto: Widerøe, Nettbuss, Morten Holm/NTB Scanpix

Det kan vere kronglete å vere pendlande politikar mellom Trondheim og Molde. Med mange reisetimar kvar månad kan det ikkje alltid gå etter planen.

Det som i utgangspunktet skulle bli ein rutinemessig møtedag for Marit Krogsæter, vart 13 timar reise og knappe to timar møte.

– Det vart mykje sukking, offing og telefonar fram og tilbake, seier fylkespolitikaren.

22-åringen er lektorstudent i Trondheim, men som folkevald er det ikkje frivillig å møte opp. Derfor er ho avhengig av å pendle til og frå møte i Molde.

Flykrøll

Måndag skulle ho diskutere økonomiplanen, først i fylkestingsgruppa til Senterpartiet og så i kultur- og folkehelseutvalet. Det er sannsynlegvis ikkje økonomiplanen ho vil hugse best.

Om lag to gongar i månaden reiser Krogsæter til Molde. Til vanleg tar ho buss dagen før møtet, for å ikkje få alt for mykje reising på kort tid.

Denne gongen var det ikkje tid til å reise dagen før, så løysinga var eit morgonfly. Det skulle lande i Molde klokka 09.45, eitt kvarter før møtestart, og ho hadde ordna skyss frå flyplassen til møtelokalet.

Marit Nerås Krogsæter

Marit Krogsæter reiser villig langt for å representere veljarane. Denne veka vart det litt for mange timar.

Foto: Markus Plementas / NRK

– Eg tenkte at det her, det går strålande. Eg kjem til å rekke møtet akkurat.

Men måndag morgon fekk den unge fylkespolitikaren beskjed om at flyet var kansellert og at ho måtte reise med eit fly til Ålesund ein time seinare. Frå Ålesund skulle det gå buss til Molde.

Ho sette seg likevel på flybussen for å møte opp på flyplassen som planlagt. Då ho kom til gaten var flyet overbooka og det var ikkje til å unngå at nokon måtte stå att og vente på neste fly.

– Eg frykta det verste. Dette er eit fly som skulle vidare til Bergen, så heldigvis for meg var det dei som skulle vidare som måtte stå att.

Sjåførlaus på Ørskogfjellet

Vel framme på Vigra lufthamn skulle dei fraktast til Molde med minibuss, men på Ørskogfjellet vart det stopp. Der hadde vegvesenet teknisk kontroll.

– Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, men vi fekk vite at dekka var nedslitne og at vi måtte få ein ny sjåfør. Det tok lang tid å vente på den nye sjåføren og vi såg på klokka at den eine ferjeavgangen etter den andre passerte.

Etter kvart kom endeleg den nye sjåføren, slik at minibussen kunne komme seg over med ferja.

Då Krogsæter omsider kom til Molde, fire timar etter at det første møtet byrja, var det éin time sidan møte nummer to hadde byrja.

– Det vart tid til ei sak om tannklinikk i tillegg til økonomiplanen, før eg måtte springe igjen for å rekke bussen.

Då venta ein fem timar lang busstur tilbake til Trondheim.

Prisen for demokrati

Marit Krogsæter er ikkje den einaste politikaren i Møre og Romsdal som reiser i timevis til og frå møte. Fylkesordførar Jon Aasen fortel at reising og logistikk er ein viktig del av fylkespolitikken.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen meiner at reising er ein viktig del av fylkespolitikken.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er berre å sjå på kartet over fylket, så ser ein at ein ikkje kan reise meir enn éin time før ein kjem til ei ferje. Klokka tikkar veldig fort, men ikkje kilometerane, seier Aasen, for anledninga på dagstur til Oslo på grunn av eit møte.

Måndag var fleire møte samla på same dag og på same stad, og ein tar nemleg alltid omsyn til reise når ein set opp møte.

– I Molde byrjar mange møter 10.15 eller 11.15. Det er rett og slett fordi det passar med ferja frå Vestnes. Vi kan heller ikkje ha møte som byrjar så tidleg som klokka åtte, seier fylkesordføraren.

Sjølv om telefon- og videomøte lettar noko av reisinga, er Aasen klar på at dei folkevalde ikkje kan stå over møte trass i avstandar. Han meiner at reisene til politikarar er ein del av prisen for eit demokrati. Det er Krogsæter einig i.

– Eg får ein ekstra giv av å vere til stades og representere dei som har valt meg, seier Krogsæter.

Ho kjempar for å behalde kulturrabatt for ungdom, og var fast bestemt på å få det inn i økonomiplanen.

– Det er verdt heile turen å jobbe for det, sjølv om det vart mange timar med reise.

Stoler på bussen

Marit Krogsæter meiner at bussen er det enklaste middelet for å komme seg til og frå Molde, men nokre gongar treng ein å komme ekstra fort fram.

– Det hadde vore fint å kunne belage seg på at ein sparer tid når ein sjeldan gong reiser med flyet, men akkurat no kjenner eg at det vil gå litt tid før eg vil prøve det igjen.

Neste tur i kalenderen til politikaren går til Rauma, torsdag. Det er ikkje truleg at fly er involvert i den reisa.

– Då blir det buss. Heile vegen, seier Krogsæter sikkert.