Hopp til innhold

Tek avgjerd om Helseplattforma i dag

I dag skal styret i Helse Møre og Romsdal bestemme om innføringa av Helseplattforma skal gå som planlagt ved dei fire sjukehusa her i fylket.

Fleire har tatt til orde for å utsette innføringa. Nokre legar har uttalt at dei er redd for at Helseplattforma kan kome til å koste liv, og øydelegge arbeidsmiljøet.

Direktøren i Helse Møre og Romsdal meiner dei no får nok hjelp til å kunne sette i gang med innføringa, og at den skal gå som planlagt den 27 april.

Eit endeleg vedtak kjem seinare i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL