Hopp til innhold

Pris til Maria Parr

Forfattaren Maria Parr får saman med illustratør Åshild Irgens Nynorsk barnelitteraturpris 2023.

Den får dei for boka «Oskar og eg».

Nynorsk barnelitteraturpris har blitt delt ut sidan 1956 og er i år på 50.000 kroner. Juryen kallar «Oskar og eg» ei nydeleg, varm, trist, energisk og morosam bok om ein heilt vanleg, velfungerande kjernefamilie. Dei legg også vekt på at sjølv om det ikkje skjer noko dramatisk i boka så klarer Parr og Irgens å skape stor kunst.

– Maria Parr er rett og slett i ein eigen divisjon i norsk barnelitteratur, med det friske, kraftfulle språket sitt, drivet i forteljingane og dei heilstøypte karakterane som vi blir så glade i, heiter det i grunngivinga.

Bokduoen har allereie vunne Brageprisen for «Oskar og eg», som er gitt ut på Samlaget.

Tysdag kom også beskjeden om at boka er nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris.

Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad