Hopp til innhold

Vil avgrense fritidsfisket i Borgundfjorden

Havforskingsinstituttet anbefaler tiltak for å kutte i fiske, skriv Sunnmørsposten. Dei har kartlagt fiske og andre menneskelege aktivitetar nær gytefelt for kysttorsk frå Indre Tana til Ålesund.

Målet har vore å identifisere område som kan egne seg som verneområde.

I Borgundfjorden har gytefeltet allereie vore verna i fjorten år, men forskarane meiner det ikkje er nok.

Dei foreslår fleire tiltak, som å avgrense fritidsfisket, starte verneperioden tidlegare på året og å endre på fjordlinjereguleringen i eit større område frå Sunnfjord til Kristiansund, skriv avisa.

Borgundfjordfisket i 2022. Vi ser fleire småbåtar i solnedgang, med snødekte fjell i bakgrunnen.
Foto: Keno Ferter / Havforskingsinstituttet