Hopp til innhold

KBK med siger i sesongens første kamp

Det blei ein spennande kamp då Kristiansund BK spelte sin første kamp etter å ha rykt opp igjen til eliteserien. KBK scora først og til pause var stillinga 0–1 til KBK i bortekampen mot Lillestrøm.

I andre omgang auka dei leiinga, før Lillestrøm reduserte etter 59 minutt. KBK auka så leiinga, før Lillestrøm reduserte igjen.

Resultatet blei 2–3 til slutt og KBK vann dermed sesongens første kamp. Ruben Alte, Dan Peter Ulvestad og Heine Bruseth var målscorarar for Kristiansund.

Det blei ein spesiell dag for KBK. Laget har aldri scora i ei serieopning i eliteserien. KBK-trenar Amund Skiri var svært fornøgd etter kampen.

– Ein ting er å vinne sin første seriepremiere i eliteserien. Det er ei barriere å bryte. Men så er det også det å kome til Åråsen og vinne, det er ikkje enkelt.

Han seier at dagens siger betyr mykje for moralen i gruppa.

– Det betyr mykje for at vi skal ha trua på oss sjølv og at vi kan hevde oss på dette nivået. Vi er førebudd på at det vil gå opp og ned denne sesongen, men ein kan forvente at vi skal utvikle oss denne, seier Skiri.

Eliteseriekampen i fotball mellom Lillestrøm og Kristiansund på Åråsen stadion
Foto: Beate Oma Dahle / NTB

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL