Hopp til innhold

Nye opplagstal for lokalavisene

I dag legg Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram dei nye opplagstala for avisene.

Desse viser at Sunnmørsposten er størst her i fylket, om ein måler i talet på eksemplar. Dei hadde 27915 opplag i andre halvår av 2023, samanlikna med 27025 i same periode året før.

Romsdals Budstikke følger med 17750, ein auke på 623 frå året før. Så kjem Tidens Krav med 12059, noko som er ein nedgang på 326 frå same periode året før.

Mange av lokalavisene her i fylket auka opplag frå andre halvår i 2023 til same periode i 2022 I tillegg til Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke hadde Driva ein god auke i talet på opplag. Dei auka med 433. Dei som hadde ein nedgang var Vestlandsnytt (-33), Møre (-31), Bygdebladet (-15), Synste Møre (-9), Vestnesavisa (-71), Storfjordnytt (-102) og Midsundingen (-10).