Hopp til innhold

Hegerberg scora kampens første mål

Ada Stolsmo Hegerberg starta målfesten då kvinnelandslaget i fotball møtte Kroatia i kveld. Etter 16 spelte minutt sette Hegerberg ballen i mål. Resultatet blei til slutt 3–0 til Noreg.

Også Guro Reiten og Aurora Mikalsen spelte kveldens kamp. Cecilie Fiskerstrand var reserve.

Kampen i dag er ein av to playoff kampar mot Kroatia. Noreg spelar for å halde seg på det høgaste nivået i Nasjonsligaen.

Ada Hegerberg under landskampen Norge mot Kroatia på Opus Arena i Osijek Kroatia.
Foto: Nikola Krstic / NTB