Hopp til innhold

Uklart kva som skjer vidare

Bustyrar Jørund Knardal har i dag hatt møte med dei tilsette og leiarane ved PE Bjørdal i Ørsta.

Bedrifta er konkurs og dermed er det fare for at dei 75 tilsette mister jobben sin. Det er endå ikkje avklart om desse blir sagt opp.

– No skal eg gå gjennom saka med styreleiar. Det kan vere kontraktar som kan fullførast. Og vi må sjå om det er mogleg med vidare drift og om ein kan unngå oppseiingar, seier Knardal til Sunnmørsposten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL