Auka snøskredfare fredag
I morgon aukar snøskredfaren på Sunnmøre og i Romsdal frå liten til moderat. Det melder snøskredvarslinga til NVE. Auken skuldast at det kjem nysnø, i kombinasjon med at det er vind i høgda.
– Det er lokalt ustabile forhold. Ver forsiktig i leområde med fersk fokksnø og der nysnøen blir våt og mjuk, er oppfordringa deira.
I Trollheimen er det liten snøskredfare.