Hopp til innhold

Varetektsfengsla i fire veker

Ein mann i starten av 30-åra er varetektsfengsla i fire veker. To av desse er med brev- og besøksforbod. Mannen er sikta for mishandling i nære relasjonar.

Ifølge siktinga skal mannen ha vore kontrollerande mot ei kvinne han budde saman med. Han er også mistenkt for gjentatt vald og truslar mot kvinna og for å seinare ha brote besøksforbodet mot henne.

Retten meiner at mannen kan mistenkast for lovbrot som vil føre til ei straff på meir enn seks månader. Dei meiner også at det er fare for nye lovbrot dersom mannen ikkje blir fengsla, og at han kan øydelegge bevis om han blir slept fri. Dei landa difor på ei varetektsfengsling i fire veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL