Hopp til innhold

Nye styremedlemer

To av dei tre tilsett-medlemene i styret i Helse Møre og Romsdal blir erstatta frå og med styremøtet i komande veke. Torgeir Sand Aas frå legeforeininga erstattar Sigurd Torvik Heian. Tore Schytte frå Fagforbundet erstattar Hilde Furnes Johannessen. Anette Lekve frå sjukepleiarforbundet held fram. Dei eigaroppnemnde medlemene blir valde på eit anna tidspunkt. Det er åtte medlemer i styret der tre blir valde blant dei tilsette i føretaket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL