Hopp til innhold

Tiltalt for vald og truslar

To brør frå Sunnmøre er tiltalt for ein rekke lovbrot.

I mars i år skal dei ha slått ein dagleg leiar ved ein uteplass i Ålesund fleire gonger i hovudet. Dei skal også ha tatt kvelartak på mannen.

Seinare på kvelden kom dei i konflikt med politiet då dei skulle prøve å arrestere dei to. Den eine broren skal så ha tatt armen rundt halsen på ein politibetjent. Den andre skal ha skubba ein politibetjent. Ein av dei kom også med truslar mot politiet.

Dei er også tiltalt for å kome med truslar mot politiet ved eit seinare høve. Det går fram av ein tiltale frå Møre og Romsdal tingrett.