Hopp til innhold

Ønskjer framleis tips

Politiet ønskjer tips i saka der ein bustad byrja å brenne i Langevåg i Sula onsdag. – Vi har per no ikkje kome noko nærmare ein konklusjon når det gjeld brannårsak. Derfor ønskjer vi tips frå personar som har vore i området då brannen starta, seier politifullmektig, Christine Skarbø Berglund. Ho ønskjer at dei som har sett eller høyrt noko interessant om brannen som starta rett før klokka sju onsdag kveld, tek kontakt med politiet. Ein av hypotesane politiet jobbar med er at det kan vere fyrverkeri som er årsaka til brannen.

Brann i Langevåg i Sula kommune
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK