Hopp til innhold

Har så langt ikkje funne brannårsak

Politiet etterforskar framleis brannen i terrenget i Skarbøvika i Ålesund. Seint laurdag kveld braut det ut ein stor brann i terrenget på Olsfjellet og ti bustadar blei evakuert.

– Vi har gjennomført ein del vitneavhøyr, rundspørjingar og undersøkingar. Så langt er brannårsaka framleis ukjent, seier Lars Eirik Steinsland i Møre og Romsdal politidistrikt.

Han fortel vidare at dei kjem til å gjere fleire åstadundersøkingar på staden. Dei ber også om tips.

– Dersom nokon har konkret informasjon så er vi sjølvsagt interessert i det, seier Steinsland.

Store ødeleggelser etter lyngbrann i Ålesund
Foto: Trond Vestre / NRK