Har avslutta etterforskinga etter terrengbrann
Politiet har avslutta etterforskinga etter den store terrengbrannen i Skarbøvika i Ålesund i november.
– Vi har lagt bort saka fordi vi ikkje har greidd å finne ein gjerningsperson. Vi har gjort undersøkingar, snakka om dei i nærområdet og bedd om opplysningar frå publikum, men det har ikkje ført til noko, seier Lars Eirik Steinsland i Møre og Romsdal politidistrikt.
Personar i ti bustadar blei evakuert som følge av brannen. Ingen blei skadd i hendinga.