Hopp til innhold

Foreldrepar fengsla i fire nye veker

Småbarnsforeldra frå Sunnmøre som er sikta for å ha mishandla sitt eige barn er fengsla i fire nye veker. Mor og far til barnet vart gripne av politiet 3. august i år. Den 1. september vart siktinga utvida til grov mishandling i nære relasjonar eller medverking til dette.

I avgjerda kjem det fram at politiet har funne digitale bevis som medfører at dei må avhøyre seks nye vitne. Begge foreldra nektar straffskuld.

Barnet vart berre fem månadar.