Hopp til innhold

Kitolano klar for AaFK

John Kitolano (22) er klar for AaFK etter at klubben har blitt einige med Odd om eit kjøp av forsvarsspelaren. Det skriv klubben i ei pressemelding.

Kitolano, som har spelt 63 kampar for klubben frå Skien, har skrive under på ei avtale som strekk seg ut 2025-sesongen.

– Vi er veldig glad for å få John til AaFK. Han har et stort potensial, er ung, seriøs og ein flott fyr. Han har god fysikk, stor fart og spennande offensive kvalitetar. Vi gleder oss til å jobbe saman med han og få ut det store potensialet som ligg der. Eg trur AaFK supporterane har noko å glede seg til, seier trener Lars Arne Nilsen.

Eliteserien fotball 2021: Vålerenga - Odd (1-1)
Foto: Fredrik Hagen / NTB

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL