Ni pasientar med covid-19
Ni pasientar ved Volda omsorgssenter og ti tilsette har fått påvist covid-19. Det melder Møre.
– Dei er alle stabile med lettare symptom. Dei får god oppfølging av lege og helsepersonell, seier assisterande kommunalsjef for helse og omsorg i Volda kommune, Ingunn Gjengedal, til avisa.
Gjengedal opplyser vidare at omsorgssenteret framleis er ope for besøkjande.