Hopp til innhold

Stenger sengepost i Kristiansund

Grunna eit utbrot av Covid19 på medisinsk sengepost ved Kristiansund sjukehus, så blir sengeposten stengt for besøkande fram til måndag. Ein har kome raskt i gang med handtering av utbrotet, og tiltak er sett iverk for å stanse det. Ingen av dei smitta pasientane har alvorlege symptom, og pasientane det er snakk om er isolerte. Utbrotet har ikkje konsekvens for drifta ved sjukehuset.

Kristiansund sjukehus
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK