Hopp til innhold

Må auke rekrutteringa

Det må bli rekruttert langt fleire intensivsjukepleiarar, jordmødre og psykologar om det skal bli nok tilsette i desse yrka i fylket i framtida. Det viser ein rapport som skal vere med og utvikle sjukehusa i Midt-Noreg. Ulike modellar viser at det kan kome til å mangle mellom 180 og 200 intensivsjukepleiarar, mellom 50 og 60 jordmødre og eit tilsvarande tal psykologar, fram mot 2035. Rapporten viser også korleis sjukehusa årleg må auke rekrutteringa for å sikre at det blir nok tilsette i desse yrkeskategoriane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL