Hopp til innhold

Vellukka Bygdepride

I dag er siste dag av festivalen Bygdepride i Ørsta og Volda. Arrangøren anslår at over 2.000 personar møtte opp for å gå i prideparade i dag.

– Vi er veldig godt nøgde så langt. Vi har stor breidde i arrangementa og det blir tatt godt i mot. Personleg må eg trekkje fram Regnbogemessa i Ørsta kyrkje. Det var ei heilt spesiell og fin oppleving, seier leiar i Bygdepride Rune Sæbønes.

bygdepride
Foto: Celina Myklebust Magnussen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL